Friday, 28 September 2007

Nok ein gong

"I går lærte eg noko nytt. Det gjeng faktisk ann å skriva med æ, ø og å her i Australia også! Kjetil, altmoglegmann og fiksar av stort sett alt, lærte meg at det gjeng ann å skifta på innstillingane slik at tastaturet vert "norskt". Så då får eg ikkje store problem likevel. Takk for tilbakemeldingar på det forrige blogginnlegget. To av tre meinar at eg skal fortsettja å skriva bloggen på dialekt, mens ein, nynorskfantasten Torger Åge kjøyrer hardt på for det nynorske skriftmålet. No har han faktisk også tilbode seg å omsettja blogginnlegga mine til Ivar Aasen-språket, så då har eg eigentleg ikkje noko eg treng å uroa meg for. Ivar Aasen har jo skapt det nynorske skriftmålet ut i frå dei norske dialektane, så då er det jo eigentleg ikkje så stor synd om eg skriv på talemålet mitt. Eg trur faktisk at Ivar ville ha vore stolt av meg."

Takk til Torger Åge for fin omsettjing. Eg merkar eg likar å lese på nynorsk sjølv. Det kling liksom så fint. Samstundes kjenner eg at det ikkje er heilt meg. Men når eg skriv nynorsk får eg også ei litt meir rakrygga holdning. Eg kjenner meg som ein poet. Nynorsk bør vere det første og einaste dikt-språket.

1 comment:

Anonymous said...

Lærar Sinnes seier: "haldning", ikkje "holdning". Men du er på god veg unge frøken Flå. :)

Nynorsk bør også vere det fyrste skriftspråket ein lærar i skulen. Bokmål vert jo då berre ein bonus, og ein ender opp med ei sareptas krukke når det gjeld ordforråd. Dette kan jo også vera greit å ha når ein skal kommunisera med svenskar, danskar eller tilogmed læra seg eit framandspråk! ;)